Feriehus og hytter i Malmö

Malmö er ein by i Malmö kommun i Skåne, sør i Sverige. Byen voks fram på 1200-talet, og er administrasjonssenter for både Skåne län og Malmö kommun. Byen Malmö er den tredje største i Sverige.

Den eldste delen av Malmö er Gamla staden, men riktig gamle hus finst berre spreitt. Nokre av dei mest kjende er rådhuset frå 1546, landshøvdingsresidensen frå 1600-talet og Jörgen Kocks hus (1523). Bydelen er omgjeve av kanalar og i vest avgrensa av Kungsparken, Slottsparken og slottet Malmöhus, oppført av Christian III 1536–42, no museum med samlingar av kunst, kultur- og naturhistorie. St. Petri kyrka, ferdig 1332, er etter Lund domkyrkje den største i Sør-Sverige.

Feriehus og hytter i Malmö